Telenor

Telenor


Telenor sitt hovudkontor
Org.formAksjeselskap
Org.nr.982463718
BransjeTelekommunikasjon
Skipa1855
DotterselskapTelenor Infra, Talkmore, Nordix Data
HovudkontorFornebu
LandNoreg
ProduktTelefoni, breiband
StyreleiarGunn Wærsted
Adm.dir.Sigve Brekke (17. august 2015)[1]
Tilsette27 600
Salsinntekter18 848 000 000 norsk krone (2018)[2]
Omsetnad18 848 000 000 norsk krone (2018)[2]
Nettstadhttps://www.telenor.com/

Telenor (OSE: TEL) er eit norsk teleselskap, som vart skipa i 1855 som det statseigde Telegrafverket. Selskapet er i dag eit delprivatisert aksjeselskap med sjølvstendig forretningsverksemd innan mobiltelefontenester, fastnett for telefoni, breiband og internett, vidare TV-tenester via kabel, satellitt, fiber og kystradio i Noreg. Telenor har vore Noregs klart nest største konsern sidan fusjonen mellom Statoil og oljedivisjonen til Norsk Hydro.

Telenor har i alt kring 33 000 tilsette i 13 land utanom Russland og Ukraina, derav ca. 4 400 i Noreg. Dette inkluderer ikkje dei tilsette i VimpelCom, der Telenor er største eigar. Etter Akers sal av Aker Yards er Telenor Noregs største konsern målt etter sysselsetting. Statens eigardel i Telenor er 54 % gjennom Nærings- og handelsdepartementet, og 4 % gjennom Statens pensjonsfond – Innland (tidlegare Folketrygdfondet). Konsernsjefen i selskapet er Sigve Brekke.

Namnet «Telenor» vart innført i 1995, og avløyste «Televerket» (1969–2005), tidlegare «Telegrafverket» og «Telegrafvesenet».

  1. https://www.telenor.com/about-us/contact-us/people/sigve-brekke/?b=72; vitjingsdato: 17. januar 2020.
  2. 2,0 2,1 https://www.telenor.com/wp-content/uploads/2019/03/iPDF-%C3%85rsrapport-2018-Q-5bd88d63d3ac068354c50771242e3416-1.pdf; vitjingsdato: 17. januar 2020.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy