Tenerife | |
---|---|
Satellittbilde av Tenerife frå NASA | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 28°16′N 16°36′W / 28.267°N 16.600°W |
Øygruppe | Kanariøyane
|
Areal | 2034,38 km²
|
Kystlengd | 342 km |
Høgaste punkt | Teide (3718 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Santa Cruz de Tenerife |
Største busetnad | Santa Cruz de Tenerife (221 956 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 906 854 (2010) |
Folketettleik | 1126 /km² |
Tenerife er den største øya i dei spanske Kanariøyane som ligg i Atlanterhavet utfor kysten av Afrika. Øya har eit areal på 2034,38 km². Ho har 886 033 innbyggjarar (2008), noko som også gjer henne til den folkerikaste øya i Kanariøyane og Spania. Tenerife er eit viktig turistmål i Spania.
Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden på øya og sete for øyrådet (cabildo insular). Han er den nest største byen på Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria, og er hovudstad i det autonome området Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden på Kanariøyane.[1]
På øya ligg La Laguna universitet, som vart grunnlagd i 1792. Verdsarvstaden San Cristóbal de La Laguna er den nest største bye på øya og den tredje største i øygruppa. På Tenerife ligg òg Teide, det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda målt frå foten av fjellet. Teide er òg ein verdsarvstad.[2]