Tenerife

Tenerife
Satellittbilde av Tenerife frå NASA
Satellittbilde av Tenerife frå NASA
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°16′N 16°36′W / 28.267°N 16.600°W / 28.267; -16.600
Øygruppe Kanariøyane

Areal 2034,38 km²

Kystlengd 342 km
Høgaste punkt Teide (3718 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Santa Cruz de Tenerife (221 956 innb.)

Demografi
Folketal 906 854 (2010)
Folketettleik 1126 /km²

Tenerife er den største øya i dei spanske Kanariøyane som ligg i Atlanterhavet utfor kysten av Afrika. Øya har eit areal på 2034,38 km². Ho har 886 033 innbyggjarar (2008), noko som også gjer henne til den folkerikaste øya i Kanariøyane og Spania. Tenerife er eit viktig turistmål i Spania.

Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden på øya og sete for øyrådet (cabildo insular). Han er den nest største byen på Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria, og er hovudstad i det autonome området Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden på Kanariøyane.[1]

På øya ligg La Laguna universitet, som vart grunnlagd i 1792. Verdsarvstaden San Cristóbal de La Laguna er den nest største bye på øya og den tredje største i øygruppa. På Tenerife ligg òg Teide, det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda målt frå foten av fjellet. Teide er òg ein verdsarvstad.[2]

  1. Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 ; Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 ved Gobierno de Canarias
  2. Parque nacional del Teide: web oficial de Turismo de Tenerife

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy