Termometer

Eit kvikksølvtermometer

Eit termometer er eit instrument for å måla temperaturen i eit stoff. Sjølve temperaturen kan ein ikkje avlese direkte på noko instrument, men ein nyttar andre eigenskapar som endrar seg med temperaturen, som lengd, volum, trykk, resistans, termoelektrisk spenning og magnetiske eigenskapar. Ein bygger termometeret slikk at det er endringar i ein av desse storleikane ein måler.

Galileo Galilei skal i 1592 ha laga det første termometeret. Det var ein liten behaldar med eit trongt glasrøyr i enden. Røyret vart sett ned i vatn, som så steig eit stykke opp i røyret. Når temperaturen i lufta inne i behaldaren varierte, varierte òg volumet av lufta, og dette kunne ein så lese av ved høgda av vassølya inne i røyret.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy