Terra Nova-ekspedisjonen

Laget til Scott på Sørpolen, 18. januar 1912. Frå venstre: Wilson, Scott, Oates, Bowers, Edgar Evans.

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913), offisielt British Antarctic Expedition 1910, var ein britisk ekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen.[1] Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at at dei hadde tapt «Kappløpet mot Sørpolen» for ekspedisjonen leia av Roald Amundsen, som hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart ekspedisjonen si historie kjend.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen,[a] var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren.

Scott sin heltestatus i Storbritannia var utan konkurranse i mange år etter han døydde, og det vart reist få spørsmål om årsakene til ulukka. Den siste fjerdedelen av 1900-talet vart ekspedisjonen granska nærmare, til dømes har Scott si dagbok fått stor merksemd fordi den detaljerte framstillinga kastar lys over hendingane rundt tragedien. Det er kome frem fleire kritiske synspunkt om årsakene til utfallet, og det vert framleis diskutert i kva grad Scott hadde skuld i det som skjedde.

  1. Crane, s. 397


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy