The Byrds

The Byrds

OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1964–1973; 1988–1990
SjangerRock, pop, folkrock, psykedelisk rock, ragarock, countryrock
Tilknytte artistarThe Jet Set, The Beefeaters, The Flying Burrito Brothers, Crosby, Stills, Nash & Young, Firefall, The Desert Rose Band
PlateselskapColumbia, Asylum, Elektra
Tidlegare medlemmerRoger McGuinn
Gene Clark
David Crosby
Chris Hillman
Michael Clarke
Kevin Kelley
Gram Parsons
Clarence White
Gene Parsons
John York
Skip Battin
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Byrds var eit amerikansk rockeband som vart skipa i Los Angeles i California i 1964.[1] Bandet hadde mange forskjellige medlemmer medan det eksisterte, og frontmannen Roger McGuinn (òg kjend som Jim McGuinn) var det einaste medlemmet som var med heile vegen fram til bandet vart oppløyst i 1973.[2] Kommersielt sett var gruppa berre like stor som The Beatles, The Beach Boys og The Rolling Stones ein kort periode i 1965 og 1966, men vert likevel i dag rekna for å vere eit av dei viktigaste banda frå 1960-åra.[1] The Byrds var pionerar innan sjangeren folkrock, og påverka slik The Beatles og andre band i den britiske bølgja med kontemporær og tradisjonell folkemusikk.[3] Utover i 1960-åra vart bandet òg viktige innan utviklinga av psykedelisk rock, ragarock og countryrock.[1][4][5] I tillegg har blandinga av den klåre vokalharmonien til bandet og den klirrande elektriske tolvstrengs Rickenbacker-gitaren til McGuinn hatt innverknad på popmusikk heilt fram til i dag.[1][6] Av dei mest kjende songane til bandet finn ein coverversjonane av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» og Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn!», i lag med dei sjølvskrivne «I'll Feel a Whole Lot Better», «Eight Miles High», «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», «Ballad of Easy Rider» og «Chestnut Mare».

Dei opphavlege fem medlemmene i The Byrds bestod av Jim McGuinn (sologitar, vokal), Gene Clark (tamburin, vokal), David Crosby (rytmegitar, vokal), Chris Hillman (bassgitar, vokal) og Michael Clarke (trommer).[7] Denne utgåva av bandet var kortvarig og tidleg i 1966 forlet Clark bandet sidan han i aukande grad isolerte seg frå resten av bandet på grunn av angst.[8] The Byrds heldt fram som ein kvartett fram til seint i 1967 då Crosby og Clarke òg forlet bandet.[9] McGuinn og Hillman tok då inn nye medlemmer, inkludert countryrock-pioneren Gram Parsons, men seint i 1968 hadde både Hillman og Parsons slutta i bandet.[1] McGuinn, som på denne tida hadde skifta namn til Roger etter å ha vorte involvert i religionen Subud,[2] bygde så eit nytt band mellom 1968 og 1973.[1] McGuinn kasta ut alle i bandet tidleg i 1973 og gjenforeinte den opphavlege kvintetten.[10] Det siste albumet til The Byrds kom ut i mars 1973 med den gjenforeinte gruppa. Bandet vart oppløyst like etter.[11]

Fleire tidlegare medlemmer i bandet har hatt suksessrike karriere på eiga hand, anten som soloartistar eller i andre band, slik som Crosby, Stills, Nash & Young eller The Desert Rose Band.[1] Seint i 1980-åra byrja Gene Clark og Michael Clarke begge å turnere som The Byrds, og dette medførte søksmål frå McGuinn, Crosby og Hillman om retten til bandnamnet.[12] Som følgje av dette frmaførte McGuinn, Crosby og Hillman fleire konsertar som The Byrds mellom 1988 og 1990, samt at dei spelte inn fire nye Byrds-songar.[13][14] Den 16. januar 1991 vart The Byrds innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og det originale bandet spelte i lag for siste gong.[15][16] McGuinn, Crosby og Hillman er framleis aktive, medan Gene Clark døydde av hjarteattakk i 1991 og Michael Clarke døydde av leverinsuffisiens i 1993.[17][18]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Biography of The Byrds». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Biography of Roger McGuinn». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  3. «Folk-Rock Overview». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  4. «Psychedelic Rock Overview». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  5. Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-555-53319-1. 
  6. Smith, Chris. (2009). 101 Albums That Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 32–34. ISBN 0-195-37371-5. 
  7. Buckley, Peter. (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 155–156. ISBN 1-84353-105-4. 
  8. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–89. ISBN 0-87930-793-5. 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 117. ISBN 1-90600-215-0. 
  10. David, Fricke (2000). "Farther Along: The Byrds at Twilight" [CD booklet]. Album notes for Farther Along av The Byrds. Columbia/Legacy.
  11. «Byrds». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 13. oktober 2010. 
  12. «Biography of Gene Clark». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  13. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 425–429. ISBN 0-95295-401-X. 
  14. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 439–440. ISBN 0-95295-401-X. 
  15. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 293. ISBN 0-87930-793-5. 
  16. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 445–447. ISBN 0-95295-401-X. 
  17. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 510. ISBN 0-95295-401-X. 
  18. «Biography of Michael Clarke». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy