The Crickets

The Crickets

The Crickets i 1958 (øvst til nedst):
Jerry Allison, Buddy Holly og Joe B. Mauldin
OpphavLubbock i Texas i USA
Aktiv1957–2016
SjangerRock and roll, rockabilly
PlateselskapBrunswick, Coral, Liberty, MCA, Vertigo, Chirp
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Crickets er eit USA-amerikansk rock and roll-band frå Lubbock i Texas, skipa av songaren og låtskrivaren Buddy Holly i 1950-åra. Den førte hitplata deira, «That'll Be the Day», kom ut i 1957, og gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista den 23. september det året. Omslaget på det første albumet deira, The "Chirping" Crickets, syner besetninga i bandet på den tida: Holly på gitar og sologitar, Niki Sullivan på rytmegitar, Jerry Allison på trommer og Joe Mauldin på bass. The Crickets sette standarden for seinare rockeband, som The Beatles, med ein besetning som bestod av to gitaristar, bassist og trommer, og med talent nok til å skrive sine eigne songar. Då Holly døydde i 1959, fortsette bandet å spele og turnere med andre bandmedlemmar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy