The Doobie Brothers

The Doobie Brothers

The Doobie Brothers i 1974 (V-H): Knudsen, Porter, Simmons, Johnston (framme), Hartman
AliasThe Doobies
OpphavSan Jose i California i USA
Aktiv
  • 1970–1982
  • Sidan 1987
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Doobie Brothers er ei USA-amerikansk rockegruppe frå San Jose i California. Dei har vore aktive i fem tiår og hadde størst suksess i 1970-åra. Den noverande besetninga består av Tom Johnston (gitar, vokal) og Patrick Simmons (gitar, vokal), dei langvarige medlemmane Michael McDonald (klaverinstrument, vokal), John McFee (gitar, pedalsteelgitar, fiolin, korvokal), og turnémusikarane John Cowan (bass, vokal), Bill Payne (klaverinstrument), Marc Russo (saksofonar), Ed Toth (trommer) og Marc Quiñones (perkusjon).

Historia til bandet kan delast inn i tre periodar. Frå 1970 til 1975 var solovokalisten Johnston og dei spelte ein streit rock and roll med element av folk, country og R&B. Johnston slutta i gruppa i 1977 på grunn av helsa si, og vart erstatta av Michael McDonald, som med ei interesse i soul endra stilen til bandet før dei vart oppløyst i 1982. Simmons hadde då vore det einaste medlemmet som hadde spelt på alle albuma deira. I 1987 kom The Doobie Brothers saman att med Johnston attende i bandet. McDonald, som hadde vore gjestemusikar fleire gonger sidan dei kom saman att, kom attende for fulltid i 2019 for den komande 50-årsjubileumsturneen deira. Kvar inkarnasjon av gruppa har lagt vekt på vokalharmoniar. The Doobie Brothers vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2004,[4] og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 7. november 2020.[5] Gruppa har selt meir enn 40 millionar album verda over. Dei originale medlemmane John Hartman og Dave Shogren, Tiran Porter, Michael Hossack, Keith Knudsen og Jeff «Skunk» Baxter er tidlegare medlemmar i bandet.[6][7]

  1. Mitchell K. Hall (9. mai 2014). The Emergence of Rock and Roll: Music and the Rise of American Youth Culture. Routledge. s. 169. ISBN 978-1-135-05358-1. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. The Doobie BrothersAllmusic. Henta 28. oktober 2016.
  3. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 254. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  4. «The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 31. oktober 2020. 
  5. Johnson, Kevin; Johnson, Kevin (24. mars 2020). «Rock and Roll Hall of Fame induction for the Doobie Brothers, Whitney Houston, Nine Inch Nails moves from May to November». St. Louis Post-Dispatch (på engelsk). Henta 31. oktober 2020. 
  6. «The Doobie Brothers To Make Grand Ole Opry Debut Saturday, February 26». Opry.com. 18. februar 2011. Arkivert frå originalen 13. oktober 2011. Henta 31. oktober 2020. 
  7. «RIAA». RIAA. Arkivert frå originalen 1. juli 2007. Henta 1. november 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy