The Final Frontier Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. august 2010 | |
Innspelt | 11. januar – 12. februar 2010[1]
Compass Point Studios
(Nassau på Bahamas) | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 76:34[2] | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Kevin Shirley, Steve Harris | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
A Matter of Life and Death (2006) |
The Final Frontier | The Book of Souls (2015) |
Singlar frå The Final Frontier | ||
|
The Final Frontier er det femtande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut 13. august 2010 i Tyskland,[3] Austerrike og Finland,[4] 17. august i Nord-Amerika,[5][6] 18. august i Japan,[7] og 16. august elles i verda.[8] Med ei lengd på over 76 minutt er dette det nest lengste albumet deira til no,[9] berre forbigått av The Book of Souls i 2015. Melvyn Grant, som lenge hadde samarbeidd med bandet, laga plateomslaget.[10]
Albumet fekk stort sett god kritikk og gjekk til toppen av salslistene i 28 land, mellom anna i Storbritannia, der albumet vart det fjerde for bandet som nådde toppen av UK Albums Chart etterThe Number of the Beast i 1982, Seventh Son of a Seventh Son i 1988 og Fear of the Dark i 1992. I tillegg nådde The Final Frontier fjerdeplassen i USA, den høgaste plasseringa deira på Billboard 200. Bandet vann òg Grammyprisen for beste metal-song med «El Dorado».
EMI gav ut albumet i det meste av verda, medan det i USA kom ut på Universal Music Enterprises og Sony Music Entertainment.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet liner notes
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Oricon
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet about.com
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet maiden 7. juni announcement