The Last Waltz

The Last Waltz
Filmmusikk av The Band
Språk engelsk
Innspelt 25. november 1976
Winterland Arena, San Francisco, California
Sjanger Rock
Lengd 129:06
Selskap Warner Bros.
Produsent Robbie Robertson
Kritikk
The Band-kronologi 
Anthology
(1978)
The Last Waltz To Kingdom Come
(1989)


The Band (ikkje i biletet: Richard Manuel) med Bob Dylan, Ringo Starr, Ronnie Hawkins, Dr. John, Neil Young, Joni Mitchell, Van Morrison og Neil Diamond under konserten 25. november 1976

The Last Waltz er avskjedskonserten til The Band, filma av Martin Scorsese og gjeven ut som ein konsertfilm og album.

The Band, som bestod av Levon Helmtrommer, mandolin og vokal, Rick Dankobass og vokal, Garth Hudsonorgel, Richard Manuelkeyboard, perkusjon og vokal og Robbie Robertsongitar og viktigaste komponist, hadde opptredd i 16 år då dei avgjorde å avslutte samarbeidet med The Band.

Dei heldt den siste konserten sin på Winterland Ballroom i San Francisco og laga rockehistorie ved å samle nokre av dei aller fremste artistane og musikararane på den tida på ein og same konsert. Staden vart vald sidan det var det første staden gruppa hadde opptredd saman under namnet The Band. Konserten var ikkje berre ein avskjedskonsert, men òg ei feiring av dei sjølv og deira beste vener og inspirasjonskjelder.

Konserten vart halde på Thanksgiving, 25. november 1976 og publikum åt først kalkunmiddag og hadde «ballroomdans» før konserten. Bill Graham var konferansier.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy