Timor

Politisk kart over øya Timor
Timors geografiske plassering i Indonesia

Timor er ei øy nord for Timorhavet, som er delt mellom statane Indonesia og Aust-Timor. Vest-Timor høyrer inn under den indonesiske provinsen Aust-Nusa Tenggara. Øya har ei flatevidd på 30 777 km². Namnet er ein variant av timur, eit malaisk ord for aust. Ho vert så kalla då ho ligg på austenden av ei lang øyrekkje.

Vest-Timor var i kolonitida kjent som nederlandsk Timor frå 1800-talet fram til staten Indonesia vart danna i 1949. Aust-Timor var kjent som portugisisk Timor frå 1596 fram til 1975. Indonesia annekterte Aust-Timor i 1976, ein anneksjon som aldri vart godkjend av FN. Etter ei folkerøysting vart Aust-Timor sjølvstendig i 2002.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy