Tippeligaen 2012

Tippeligaen 2012
Avdelingar: 1
Lag: 16
Opprykk til: øvst nivå
Nedrykk til: 1. divisjon 2013
Statistikk
Kamper: 240
Mål: 693
Mål per kamp: 2,89
Toppskårar: Flagget til Ungarn Péter Kovács (14 mål)
Det tsjekkisk flagget Zdeněk Ondrášek (14 mål)
Andre ligaer
Nivå 1: Tippeligaen 2012
Nivå 2: Adeccoligaen 2012
Nivå 3: Oddsenligaen 2012
Nivå 4: 3. divisjon fotball for herrar 2012
Nivå 5: 4. divisjon fotball for herrar 2012
Nivå 6: 5. divisjon fotball for herrar 2012
Nivå 7: 6. divisjon fotball for herrar 2012
Sesongar
2011 2013

Tippeligaen 2012 var den 22. sesongen av den norske eliteserien i fotball som går under namnet Tippeligaen, og den fjerde sesongen med 16 deltakande lag. Sesongen braka laus i mars, og vart avslutta i november. Regjerande meister frå Tippeligaen 2011 var Molde. Dei nyopprykka laga var Sandnes Ulf og Hønefoss.

Molde sikra det andre seriegullet sitt på rad i 29. runde. Strømsgodset tok sitt første seriesølv nokon sinne, og sine første seriemedaljar sidan bronsen i 1997, medan Rosenborg tok sin andre strake bronsemedalje.

Dei to nedste laga rykte ned til 1. divisjon 2013, medan nummer 14 spelte kvalifisering mot laga frå tredje til sjette plass i 1. divisjon om å halde plassen. Vinnande lag gjekk inn i andre kvalifiseringsrunde i Meisterligaen 2013/2014.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy