Topografi

Topografisk måling på Sardinia.

Topografi er detaljert skildring av ein stad, som terrengforhold, til dømes høgd, vegetasjon, hav, innsjøar, elvar og menneskeskapte forhold, som bygningar, vegar, stadnamn og administrative grenser. Termen topografi kjem av gresk τόπος (topos), «stad» og γραφή (grafi), «skrift»/«skildring».[1]

Eit topografisk kart gjev informasjon om topografien i området kartet dekker. Skildring av tilsvarende tilhøve under vatn vert kalla batymetri.

  1. «topografi». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy