Tragedie

Scene frå tragedien Richard III av Shakespeare. Måleri av William Hogarth.

Tragedie (gamalgresk, av trag-oideia, 'bukkesong') er nemninga på ein hovudsjanger innanfor teater og film.

Ein tragedie er ein teatersjanger som stammar frå den greske antikken. Tragedien kan seiest å ha eit tragisk utfall, ser ein tragedien i motsetnad til komedien. Den greske tragedie vert kjenneteikna av ei stram oppbygging og ein tydeleg helt. Den tragiske helten gjennomgår ei utvikling gjennom skodespelet. Som oftast går han eller ho frå lukke til ulukke. Korleis tragedien i antikken burde vere oppbygd vart stadfesta av Aristoteles i verket Poetikken. I seinare tid har tragedien utvikla seg, kjende dramatikarar som Racine, Shakespeare, Ibsen og Sarah Kane byggjer delar av skodespela sine rundt den klassiske tragedie-forma.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy