Trial by Fire av Journey

Trial by Fire
Studioalbum av Journey
Språk engelsk
Utgjeve 22. oktober 1996
Innspelt Sommaren 1996
Studio Ocean Way Recording Studios, Hollywood, California,
The Site Studio and Wildhorse Studio, Marin County, California
Sjanger Rock
Lengd 71:14
Selskap Columbia
Produsent Kevin Shirley
Journey-kronologi 
Raised on Radio
(1986)
Trial by Fire Arrival
(2001)


Singlar frå Trial by Fire
  1. «When You Love a Woman»
    Utgjeve: 10. juli 1996
  2. «Message of Love»
    Utgjeve: 1996
  3. «If He Should Break Your Heart»
    Utgjeve: 1996
  4. «Can't Tame the Lion»
    Utgjeve: 1997
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1.5/5 stars[1]

Trial by Fire er det tiande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Albumet kom ut 22. oktober 1996 og markerte ei sameining av den klassiske besetninga frå 1980-åra, som ikkje hadde spelt inn ei plate i lag sidan Frontiers i 1983. Trial by Fire vart produsert av Kevin Shirley, som seinare har produsert dei fleste albuma deira. Det var det første albumet med bassisten Ross Valory sidan Frontiers og det siste med vokalisten Steve Perry og trommeslagaren Steve Smith.

Trial by Fire inneheld topp 20-hitten og den Grammy-nominerte singelen «When You Love a Woman», som nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista.[2] «Message of Love», «Can't Tame the Lion» og «If He Should Break Your Heart» vart òg gjevne ut på singlar.

Albumet reflekterte ei aukande modenheit hos medlemmene av Journey og kunne laust reknast som eit konseptalbum med mange spor som gjenspeglar ein meir openlys spiritualitet i tekstane. Tittelsporet er for eksempel henta direkte frå Paulus 2. korintarbrev.[3]

Trial by Fire er det einaste Journey-albumet som ikkje vart etterfølgd av ein turné. Dette kom delvis over krangling over ein planlagd turné (meint for sommaren og hausten 1997) og ein hofteskade for Perry som måtte opererast. Perry slutta i bandet då han kjende seg pressa ut. Trommeslagaren Steve Smith slutta òg, sidan han meinte at bandet utan Perry ikkje interesserte han. Han kom attende til gruppa i 2015, men fekk sparken i 2020.

Den 9. november 1996 gjekk albumet inn på tredjeplassen på Billboard 200[4] og selde omsider til platinaplate i USA.[5]

  1. DeGagne, Mike. «Journey Trial by Fire review». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  2. «Trial by Fire Billboard Singles». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  3. 2 Kor 4: 6,7
  4. «Trial by Fire Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  5. RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta 1. juni 2020.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy