Tverrbanda på ein gitar er parallelle med fingrane som pressar ned strengane.
Tverrband er tversliggjande opphøgde strukturar på gripebrettet av strengeinstrument som gjer det lettare å treffe presise tonehøgder . Det finst fleire ulike typar tverrband:
Flyttbare tverrband av tarm - eller nylonstrenger : Desse blir knytte kring halsen på instrumentet. Slike tverrband finst på lutt , teorbe , chitarrone , vihuela , barokkgitar , gambe og violone (kontrabassgambe), og vart tidlegare òg ofte nytta på kontrabass .
Flyttbare tverrband av metall. Desse finst særleg på nordindiske musikkinstrument som sitar .
Faste tverrband av tre. Desse finst til dømes på det norske folkemusikkinstrumentet langeleik .
Faste ikkje-innfelte tverrband av metall. Desse finst til dømes på det sørindiske instrumentet vina .
Faste innfelte tverrband av metall. Desse er innfelte i gripebrettet og kan ikkje flyttast. Faste tverrband av metall finst på romantisk og moderne gitar , mandolin , svensk lutt , elektrisk gitar og bassgitar (el-bass).
Elektriske klimpreinstrument som ikkje har tverrband blir ofte karakteriserte som fretless .