Tyggegummipop | |||
Stilmessig opphav | Psykedelisk pop, pop, poprock, garage rock, barnerim, barnemusikk, komediemusikk | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint 1960-åra i USA | ||
Typiske instrument | Synging - synthesizer - bass - trommemaskin - trommer - sampling - klaverinstrument - gitar |
Tyggegummipop (engelsk Bubblegum pop), stundom kalla plastpop eller trashdisco, er ein musikkstil som består av ei samansetning av kommersiell pop, eurodance, schlager eller disco. Omgrepet vert vanlegvis nytta av media i nedlatande form mot artistar som vert rekna å vere for kommersielle. Elles vert omgrepet lite nytta, og kva grupper og artistar som skal medreknast til denne sjangeren er vanlegvis ei subjektiv vurdering.
Den klassiske tyggegummipop-perioden varte frå 1967 til 1972.[1] Ein ny bølgje starta nokre år seinare då disco tok over og punkrocken oppstod.