Tysk-romerske keisarar

Ved traktaten i Verdun i 843 vart Frankarriket delt i tre. Den eine delen var Austfrankarriket, som seinare vart til Det tysk-romerske riket. Otto I. tredde i Karl den Store sine fotefar og gjenoppretta keisarverdet i det austfrankiske riket, og gjeld såleis som grunnleggjaren av Det tysk-romerske riket.

Kongane vart valde av kurfyrstane, og førte tittelen Romanorum Rex (romersk konge), og etter å ha vorte krona av paven i Roma tittelen Romanorum Imperator (romersk keisar). Etter Maximilian I. vart den formelle kroninga i Roma utelaten, då regenten rekna seg som mektig nok til sjølv å ta tittelen. Ikkje alle kongar vart krona til keisar.

Forgjengarar - Romerske keisarar, frankiske kongar

Etterfølgjarar - Austerrikske keisarar, tyske keisarar.

Sjå òg Vestfrankarriket, franske kongar og keisarar, Midtriket (Lotharii Regnum)

Kongar av Preussen, bøhmiske regentar, ungarske regentar, nederlandske monarkar, saksiske regentar, polske monarkar, herskarar av Thüringen, belgiske monarkar, herskarar av Hannover, austerrikske herskarar, monarkar i Bayern


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy