Ukraina

Україна
Ukrajina

(norsk: Ukraina, ukrainsk)

Det ukrainske flagget Det ukrainske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Sjtsje ne vmerla Ukrainy ni slava ni volia»
Motto Volia, Zlahoda, Dobro ('Fritt, samla, godt')
Geografisk plassering av Ukraina
Offisielle språk Ukrainsk
Hovudstad Kyiv
Styresett
Republikk
Volodymyr Zelenskyj
Denys Sjmygal
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
603 550 km² (45.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
44 033 874 (31.)
73 /km² (108.)
Sjølvstende
Frå Sovjetunionen
24. august 1991
Nasjonaldag 24. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
331 600 mill. USD (48.)
8 300 USD (120.)
Valuta Hryvnia (Utt. Grivna)
Ikkje konvertibel
Tidssone UTC +2
Telefonkode +380
Toppnivådomene .ua



Ukraina (ukrainsk Україна, Ukrajina) er eit land i Aust-Europa. Ukraina grensar til Russland i aust og nordaust, Kviterussland i nordvest, Polen, Slovakia og Ungarn i vest, Romania og Moldova i sørvest og Svartehavet og Azovhavet i høvesvis sør og søraust. Det har eit areal på 603 628 km², og er det nest største landet i Europa etter Russland.[1][2][3]

I følgje ein populær og godt etablert teori vart Kievriket i mellomalderen grunnlagd av væringar på 800-talet som den første historisk nedteikna austslaviske. Staten vart oppløyst på 1100-talet. På midten av 1300-talet vart Ukraina underlagt tre forskjellige statar - Den gylne horden, Storhertugdømet Litauen og Kongedømet Polen.[4] Etter den store nordiske krigen (1700–1721) vart Ukraina delt mellom fleire regionale makter og på 1800-talet vart det meste av Ukraina underlagt Det russiske imperiet, medan resten kom under Austerrike-Ungarn. Ein kaotisk periode med kontinuerleg krigføring følgde, med fleire internasjonalt aksepterte forsøk på sjølvstende frå 1917 til 1921, etter første verdskrigen og den russiske borgarkrigen. Ukraina kom til etter sin eigen borgarkrig, og den 30. desember 1922 vart Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken ein av dei grunnleggande republikkane i Sovjetunionen. Ukrainske SSR vart forstørra vestover under borgarkrigen kort tid før, og etter den andre verdskrigen, og lenger sør i 1954 då Krimhalvøya vart overført til Ukraina. I 1945 vart Ukrainske SSR ein av dei grunnleggande medlemmane av Dei sameinte nasjonane.[5]

Ukraina vart igjen sjølvstendig då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991. Oppløysinga førte til ein overgang til marknadsøkonomi og Ukraina hamna i ein åtte år lang resesjonsperiode.[6] Sidan då betra økonomien seg og bruttonasjonalproduktet auka kraftig. Ukraina vart derimot hardt råka av finanskrisa i 2008 og BNP fall 20 % frå våren 2008 til våren 2009.[7] Landet er framleis ein globalt viktig marknad, og i 2011 var landet den tredje største korneksportøren i verda.[8]

Ukraina er ein einingsstat som består av 24 oblast (provinsar), ein autonom republikk (Krim) og to byar med spesialstatus: Kyiv, den største byen og hovudstaden, og Sevastopol, som husar den russiske Svartehavsflåten under ein leigeavtale. Ukraina er ein republikk under eit delvis presidentsystem med fråskild lovgjevande makt, styresmakt og rettsvesen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen er Ukraina framleis den nest største militærmakta i Europa, etter Russland. Landet har 46 millionar menneske, 77,8 % etniske ukrainarar og ein stor minoritet russarar (17 %), kviterussarar og rumenarar. Ukrainsk er offisielt språk, men russisk vert òg mykje nytta. Den dominerande religionen i landet er den austleg-ortodokse kyrkja, som har kraftig påverka ukrainsk arkitektur, litteratur og musikk.

  1. Global Clinical Trials by Richard Chin, Elsevier, 2011, ISBN 0-12-381537-1 (page 345)
  2. Future of Google Earth by Chandler Evans, BookSurge Publishing, 2008, ISBN 1-4196-8903-7 (page 174)
  3. «Basic facts about Ukraine». Ukrainian consul in NY. Henta 8. september 2012. 
  4. «Ukraine :: History – Britannica Online Encyclopedia». Britannica.com. Henta 8. september 2012. 
  5. «Activities of the Member States – Ukraine». United Nations. Henta 8. september 2012. 
  6. «Macroeconomic Indicators». National Bank of Ukraine. Arkivert frå originalen 21. oktober 2007. Henta December 16, 2007. 
  7. Inozmi, "Ukraine – macroeconomic economic situation – June 2009" online
  8. «Ukraine becomes world's third biggest grain exporter in 2011 – minister». Blackseagrain.net. Arkivert frå originalen 21. januar 2013. Henta 8. september 2012. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy