Unitarisme

Unitarisme er kristne retningar som voks fram etter reformasjonen og som førte til etablering av frie trudomssamfunn utan felles dogme og utan felles organisasjon.

Felles for dei fleste unitarkyrkjene er at dei meiner at læra om treeininga strider mot trua på at Gud er éin, derav namnet «unitar» (frå latin: unitas, som tyder einskap). Verken Kristus eller Heilaganden har guddommeleg natur; Jesus er i staden halden for å vere eit menneske med usedvanlege eigenskapar. Vidare er fornuften og det moralsk nyttige ei norm for religiøs sanning.

Likevel står den enkelte unitar fritt til sjølv å bestemme sitt tilhøve til læra om treeininga og andre dogme. Unitaristane vil heller samle seg om Jesu lære, enn å stridast om dogmatiske detaljar som dei opplever som uvesentlege.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy