O`zbekiston Respublikasi Ўзбекистон Республикаси (norsk: Usbekistan, usbekisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Usbekistan sin nasjonalsong (O`zbekiston Respublikasining Davlat Madhiyasi)» | ||||||
Motto | Yo`q | ||||||
Offisielle språk | usbekisk | ||||||
Hovudstad | Tasjkent (Toshkent) | ||||||
Styresett |
Republikk Sjavkat Mirzijajev Abdulla Oripov | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
447 400 km² (56.) 4,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
29 748 859 (45.) 66,5 /km² (117.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 1. september 1991 (off. 8. desember 1991) | ||||||
Nasjonaldag | 1. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
185 800 mill. USD (62.) 6 400 USD (131.) | ||||||
Valuta | so`m (off. O`zbekiston so`mi) (± 2,473 USD) | ||||||
Tidssone | UTC +5 | ||||||
Telefonkode | +998 | ||||||
Toppnivådomene | .uz | ||||||
lokalt språk i Qoraqalpog`iston (Qaraqalpaqstan Respublikası): karakalpakisk |
Usbekistan (usbekisk: O`zbekiston, kyr.: Ўзбекистон, أۇزبېكیستون på afghansk usb.; utt. [ˈɤ̟zbekistɒn]) er det mest folkerike landet i Sentralasia, med over 30 millionar innbyggjarar[1]. Det grensar til Kasakhstan i nord, Kirgisistan og Tadsjikistan i aust, Afghanistan i sør og Turkmenistan i vest.
Av di denne delen av Sentralasia sidan slutten av 1800-talet hadde vore underlagt den russiske tsaren, vart Usbekistan ein delrepublikk av Sovjetunionen. Den 1. september 1991 sa landet seg uavhengig.
Usbekistan er ein fattig og uroleg del av Asia. I tillegg til usbekarar bur det for det meste russarar og tadsjikar i republikken. Mange av innbyggjarane er sterkt misnøgde med regimet, som har blitt skulda for korrupsjon, vanstyre og grove brot på menneskerettane. President Islom Karimov hevdar på si side at dei som demonstrerar mot han, er muslimske fundamentalistar.
Den politiske situasjonen tilspissa seg våren 2005, og fredag den 13. mai starta eit folkeopprør i Andijon heilt aust i landet, som snart spreidde seg til grensebyen Kara Su, der det vert rapportert at rasande folkemengder sette regjeringsbygga i brann. Presidenten sine tryggingsstyrkar svarte med å skyta mot opprørarane, og somme kjelder melder at fleire hundre menneske vart drepne og så mange som 2 000 såra i den fyrste samanstøyten. Styresmaktene i Usbekistan har no gjort det forbode for innbyggjarane å sjå utanlandske nyhende på fjernsyn, men tusenvis av menneske er allereie på flukt for å koma seg bort ifrå det som mange fryktar vil bli eit blodbad, ettersom ein ikkje reknar med at presidenten vil gå av.