VM i fotball 1938

Poster
Deltakarlanda i fotball-VM 1938

Verdsmeisterskapen i fotball 1938 vart avvikla i 10 byar i Frankrike i tida frå 4. til 19. juni 1938. Det regjerande meisterlaget, Italia, heldt fram som verdsmeister etter å ha vunne med 4-2 over Ungarn i finalen.

15 land deltok i meisterskapen, den tredje verdsmeisterskapen i fotball. 12 av deltakarlanda var frå Europa, einast Brasil, Cuba og Nederlandsk Ostindia kom frå andre verdsdelar. Meisterskapen vart arrangert som utslagsturnering med cupkampar i tre rundar, pluss finale og bronsekamp.


Noreg, som deltok i ein fotball-verdsmeisterskap for fyrste gong, møtte i 1. runde Italia, den regjerande meisteren. Italia gjekk vidare då laget vann 2-1 etter ekstraomgangar. Også Brasil og Tsjekkoslovakia måtte han ekstraomgangar for å avansere til kvartfinalane, medan Sveits og Cuba måtte ut i omkamp før dei var vidare. Derimot trengde vertslandet Frankrike og Ungarn einast 90 minuttar på avansemenet. Sverige fekk walkover.

I kvartfinalane slo Italia ut vertslandet, og både Ungarn og sørleg Sverige tok seg greitt vidare. Brasil måtte derimot han omkamp før Tjsekkoslovakia var elimenert. I semifinalen valde Brasil å stille utan storskåraren Leônidas da Silva mot Italia, og tapte 1-2. Ungarn feia Sverige av bana med 5-1 i den andre semifinalen. Brasil vann bronsekampen med 4-2 over Sverige, der Leônidas var tilbake og vart toppskårar i meisterskapen med i alt sju nettkjenningar.

Lagoppstillingane i VM-finalen 1938

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy