VM i fotball 1994

Logo
Kart over deltakarlanda under fotball-VM 1994

Verdsmeisterskapen i fotball i 1994 vart avvikla i USA i tida 17. juni-17. juli 1994. Dei 52 kampane vart spelt på ni arenaer i like mange byar; Pasadena, East Rutherford, Palo Alto, Dallas, Foxborough, Orlando, Chicago, Washington D.C. og Pontiac. Brasil vart verdsmeister for fjerde gong då dei vann 3-2 i straffesparktevlinga, etter 120 mållause minuttar mot Italia. Meisterskapen var den 15. i rekka, og var den fyrste arrangert utanfor Europa og Latin-Amerika.

Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same som ved dei føregåande meistarskapane. Deltakarlanda vart delte inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe og dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Romania, Sverige, Brasil, Nederland, Tyskland og Spania tok seg vidare frå åttedelsfinalane etter 90 minuttars spel, Italia trengde derimot ekstraomgangar for å slå ut Nigeria, medan Bulgaria sende Mexico heim gjennom straffeskytinga.

Brasil, Italia og Bulgaria sikra seg semifinalplass med eittmålssigrar over høvesvis Nederland, Spania og Tyskland. Sverige fekk den siste semfinaleplassen då laget vann 5-4 etter straffesparktevling mot Romania, ved full tid stod det 2-2. I semifinalene vann Brasil 1-0 over Sverige og Italia 2-1 over Bulgaria. Sverige tok bronsemedaljen etter å ha vunne med 4 mot 0 over Bulgaria.

Hristo Stoitsjkov frå Bulgaria og Oleg Salenko frå Russland vart toppskårarar med kvar sine seks mål.

Noreg deltok i verdsmeisterskapen i fotball for fyrste gong sidan 1938. Laget enda på fjerdeplass i gruppe F, med like mange poeng som dei andre landa i gruppa, men med dårlegare målskilnad. Egil Olsen var norsk landslagssjef.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy