Veg

Vegsystem i Stockholm med bilveg og jarnveg
Landeveg i Russland med vegdekke av tømmerstokkar, fotografert i 1914

Ein veg er ei smal strekning i terrenget skapt av og/eller for menneskeleg ferdsel og transport. Utviklinga av vegar starta som tråkk eller stiar i terrenget. Etter kvart trongst det tilrettelegging for køyring med hestekøyretøy. Mesteparten av transporten gjekk på elvar og kanalar. Frå 1850-åra vart det bygd jarnvegar. Vegbygginga skaut fart med utviklinga av bilismen og bilvegar frå fyrst på 1900-talet. Bilismen førte med seg utviklinga av motorvegar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy