Verdsdel

Verdsdelar er store geografiske område jorda blir delt inn i. Dei baserer seg på dei ulike kontinenta og verdshava som skil dei, men òg på tradisjonelle verdsinndelingar bestemt av historie og kultur.

Europa er til dømes ein verdsdel fordi han tradisjonelt er blitt oppfatta slik. Europearane har sett på seg sjølve som meir eller mindre eitt folk med ei felles kulturarv. Afrika har ingen slik tradisjon for å oppfatta seg som ein eigen verdsdel, kystområda har tvert imot tettast samband med områda på andre sida av havet. Fordi det er eit eige kontinent blir Afrika likevel rekna som éin verdsdel.

Vanlegvis deler ein landmassane på jorda inn i fem eller sju verdsdelar:

Fem verdsdelar:

  1. Asia
  2. Afrika
  3. Amerika
  4. Oseania (tidlegare Australia)
  5. Europa

Sju verdsdelar:

  1. Asia
  2. Afrika
  3. Europa
  4. Nord-Amerika
  5. Sør-Amerika
  6. Oseania
  7. Antarktis

Arktis er ikkje ein verdsdel fordi det berre finst drivis, ikkje land, rundt Nordpolen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy