Vest-Europa

Vest-Europa er hovudsakleg eit samfunnspolitisk omgrep skapt under den kalde krigen, då grensene til regionen stort sett vart definert. Grensene vart effektivt sett under dei siste fasane av den andre verdskrigen og kom til å gjelde alle europeiske land som ikkje kom under sovjetisk kontroll og påverknad. Nøytrale land vart klassifiserte ut frå deira politiske regime.

Den vanlege oppfatninga og bruken av Vest-Europa var, og i mindre grad framleis er, land som er kulturelt, politisk og økonomisk skild frå Aust-Europa, og grensene har lite å gjere med geografi. Kulturelle og religiøse grenser mellom dei to regionane overlappar kvarandre derimot mykje og særleg har desse grensene svinga fram og tilbake gjennom historia. Dette gjer det vanskeleg å danne ei nøyaktig forståing av omgrepet.

Omgrepet er ofte assosiert med, men ikkje klart avgrensa til, liberalt demokrati, kapitalisme og Den europeiske unionen. Dei fleste landa i regionen deler vestleg kultur og mange har økonomiske, historiske og politiske band til land i Nord- og Sør-Amerika og Oseania (sjå òg Vesten).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy