Vesuv

Vesuv
vulkan
Land  Italia
Område Ved Napoli
Vulkantype Stratovulkan
Høgd 1 281 moh.
Siste utbrot 1944
Koordinatar 40°49′18″N 14°25′30″E / 40.82167°N 14.42500°E / 40.82167; 14.42500
Kart
Vesuv
40°49′17″N 14°25′32″E / 40.821388888889°N 14.425555555556°E / 40.821388888889; 14.425555555556
Wikimedia Commons: Mount Vesuvius
I.C. Dahl: Frå Vesuv sitt utbrot i 1826.

Vesuv (italiensk Monte Vesuvio, latin Mons Vesuvius) er ein vulkan aust for Napoli i Italia. Han er den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet, men har ikkje hatt nokon større utbrot sidan 1944. Dei to andre aktive vulkanane i Italia (Etna og Stromboli) ligg på øyar.

Vesuv ligg ved kysten av Napolibukta, om lag 9 km aust for Napoli. Han er godt synleg i landskapet rundt bukta. Vulkanen er best kjend for utbrotet sitt i år 79 e.Kr., som dekte byane Pompeii og Herculaneum. Han har hatt mange utbrot sidan den gong og vert i dag rekna som ein av dei farlegaste vulkanane i verda sidan 3 millionar menneske i dag lever nær vulkanen, som oftast har hatt eksplosive utbrot, ein av dei aller farlegaste typane vulkanutbrot. Av den grunn er Vesuv ein av seksten dekadevulkanar i verda, som er vulkanar som vert ekstra nøye overvaka på grunn av tidlegare store utbrot og plasseringa nær folkesette område.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy