Vilhelm I av England

Vilhelm I av England

Vilhelm Erobraren avbilda på Bayeuxteppet.
Føddca. 1028
FødestadFalaise
Død9. september 1087
DødsstadRouen
GravstadAbbey of Saint-Étienne, Caen
Gift medMatilda av Flandern
DynastiHouse of Normandy
FarRobert I av Normandie
MorHerleva
BornRobert Curthose, Richard av Normandie, Vilhelm II av England, Adeliza, Constance of Normandy, Adela av Normandie, Henrik I av England, Alberta, Agatha of Normandy, Matilda of Normandy, Cécile av Normandie

Vilhelm Erobraren (ca. 10279. september 1087), også kjend som Landvinnar og Bastarden, var ein normannisk fyrste som invaderte England i 1066 og innførte normannarstyret der. Som kong William I av England styrte han England frå 1066 til 1087.

Vilhelm var fødd i Falaise i Normandie i det noverande Frankrike som uekte son av hertug Robert I av Normandie og ei garvardotter som heitte Herleva eller Arlette. Vilhelm etterfylgde faren som hertug i 1035, og vart då hertug Vilhelm II av Normandie. Etter fransk lov hadde ikkje søner fødd utanom ekteskap arverett. Ved dette høvet var det nordisk lov som var gjeldande i Normandie, og då var slik arv mogleg.

Då den barnlause fetteren hans, Edvard vedkjennaren, døydde i januar 1066, gjorde Vilhelm krav på den engelske trona som arving. Den 14. oktober 1066 sigra han over den krona kongen av England, Harald Godwinson, i slaget ved Hastings, og vart den første normannarkongen av England.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy