Vinter-OL 1972

Dei 11. olympiske vinterleikane
Deltakande nasjonar 35
Deltakarar 1006 (801 menn, 205 kvinner)
Øvingar 35 i 6 idrettsgreiner
Opningsseremoni 3. februar 1972
Avslutningsseremoni 13. februar 1972
Offisielt opna av Keisar Hirohito
Norsk flaggberar Magnar Solberg

Vinter-OL 1972 vart arrangert i Sapporo i Japan.

Sovjetunionen vart beste nasjon med åtte gullmedaljar. Noreg tok til saman tolv medaljar, men måtte nøye seg med to gull. Magnar Solberg forsvarte gullmedaljen på 20 km skiskyting frå OL i Grenoble, og Pål Tyldum vann 50 kilometer langrenn. Den nederlandske skøyteløparen Ard Schenk tok gullmedalje på dei tre lengste distansane.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Magnar Solberg, som deltok i skiskyting.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy