Wii U

Wii U

Wii U Console and Gamepad.png
Wii U-konsollen med Wii U Gamepad
ProdusentNintendo
LanseringNA: 18. november 2012
EU: 30. november 2012
JP: 8. desember 2012
Einingar selde13,56 millionar[1]
Mestseljande spelMario Kart 8 (8,26 millionar)[2]
ForgjengarWii
EtterfølgjarNintendo Switch
Nettstadwww.nintendo.com/wiiu

Wii U er ein spelkonsoll som er utvikla av Nintendo. Konsollen er etterfylgjaren til Wii og vart avduka under E3-messa den 7. juni 2011. Han vart lansert 18. november 2012 i Nord-Amerika, 30. november 2012 i Europa og 8. desember i Japan. Konsollen var tilgjengeleg i to standard utgåver; ei kvit «Basic»-utgåve med konsoll med 8 GB internminne og ei svart «Premium»-utgåve med 32 GB internminne og spelet Nintendo Land. I tillegg fanst det ei rekkje andre sett der andre spel enn Nintendo Land følgde med premium-varianten av konsollen, til dømes Mario Kart 8 og ZombiU.[3]

  1. «IR Information : Sales Data - Hardware and Software Sales Units». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 
  2. «IR Information: Sales Data». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 
  3. Wii U - nintendo.no

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy