Yangon

Yangon
ရန်ကုန်
by
Land  Myanmar
Areal 576 km²
Folketal 4 348 000  (2010)
Kart
Yangon
16°47′42″N 96°09′36″E / 16.795°N 96.16°E / 16.795; 96.16
Wikimedia Commons: Yangon

Yangon, tidlegare kjent som Rangoon, er den største byen i Myanmar (Burma) og var hovudstad i landet fram til 2005, då Nay Pyi Taw overtok som nye hovudstad. Byen ligg ved Yangon-elva, om lag 30 km frå munningen hennar. Folketalet i byen er noko over fire millionar.

Det meste av utanrikshandelen til Myanmar går gjennom den travle hamna i byen. Yangon er knutepunkt for jernbanen i landet og dei indre vassvegane. Lufthamna Mingaladon er eit knutepunkt for internasjonale flyruter.

Av industri i byen finn ein rismøller, sagbruk, tekstil- og gummiindustri, såpeproduksjon og oljeraffinering. Universitetet i byen vart grunnlagd i 1920 og han har òg ein teknisk høgskule. Yangon er bygd opp etter eit rutenett og har mange parkar. Shwe Dagon eller «den gylne pagoden» dominerer bybiletet med eit 112 metrer høgt forgylt spir. Dette er den buddhistiske heilagdomen i Bakindia og vart i følgje segna starta i 588 f.kr. Byen har òg ei anglikansk og ei katolsk domkyrkje.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy