ZZ Top

ZZ Top

ZZ Top (v-h: Dusty Hill, Frank Beard, Billy Gibbons) på Glastonburyfestivalen i juni 2016
OpphavHouston i Texas i USA
Aktiv1969–present
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer
  • Lanier Greig
  • Dan Mitchell
  • Billy Ethridge
PrisarRock and Roll Hall of Fame

ZZ Top er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1969 i Houston i Texas.[1] Bandet har sidan 1970 bestått av bassiste og vokalisten Dusty Hill, gitaristen og solovokalisten Billy Gibbons (frontmannen i bandet og den fremste tekstforfattaren) og trommeslagaren Frank Beard. Skribenten Cub Koda har sagt om dei at «som genuine roots-musikarar har dei få likemenn. Gibbons er ein av dei beste bluesgitaristane i Amerika innan areanrock-uttrykket, medan Hill og Beard bidreg som den ultimate rytmeseksjonen.»[1]

Bandet gav ut debutalbumet sitt, ZZ Top's First Album, i 1971. Dei byrja med bluesinspirert rock, men innlemma etter kvart element av new wave, punkrock og dance-rock ved hjelp av synthesizerar. Bandet er kjent for dei mange humoristiske, tvitydige og antydande tekstane sine.

Det bestseljande albumet deira er Eliminator frå 1983, som selde meir enn 10 millionar eksemplar i USA. Totalt har dei selt over 25 millionar plater i USA, som gjer dei til blant dei 100 mestseljande artistane der, i følgje Recording Industry Association of America.[9] Dette omfattar 11 gullplate, sju platinaplater og tre multi-platinaplater. Fram til 2014 hadde ZZ Top seld meir enn 50 millionar album verda over.[10]

ZZ Top vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.

  1. 1,0 1,1 1,2 Koda, Cub. «ZZ Top – Artist Biography». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  2. Bashe, Patricia; George-Warren, Holly, red. (2001). The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (3rd utg.). Simon & Schuster. ISBN 978-0-7432-0120-9. 
  3. Talevski, Nick (2006). Rock Obituaries – Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 173. ISBN 978-1-8460-9091-2. 
  4. Bonson, Fred (31. august 1996). «Wea's Greatest Hits». Billboard 108 (35): 34. ISSN 0006-2510. «It was the band's second album, «Tres Hombres,» that established their boogie-rock credentials by peaking at No. 8 in 1974.» 
  5. Cibula, Matt (4. januar 2004). «ZZ Top: Mescalero». PopMatters. Henta 27. september 2018. 
  6. McPadden, Mike (2012). «ZZ Top». If You Like Metallica... Backbeat Books. 
  7. Zalkind, Ronald (1980). Contemporary Music Almanac: 1980–1981 (1st utg.). Schirmer Books. s. 349. 
  8. Josh Jackson & Paste Music Staff (26. februar 2018). «The 50 Best Southern Rock Albums of All Time». Paste. Henta 27. september 2018. 
  9. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet riaa2
  10. «ZZ Top «Live At Montreux 2013» DVD, Blu-ray, and Digital Formats Out 22. juli 2014». Music Recall Magazine. 16. juni 2014. Henta 4. august 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy