Senterpartiet er skildra med "centrism" i infoboksen, men artikkelen om centrism skildrar berre marxistisk sentrisme. Senterpartiet er eit borgarleg parti, i same tradisjonen som det svenske Centern, og har røtene sine i jordbruksorganisasjonar - ikkje i arbeidarorganisasjonar.
Det står i partiprogrammet til Senterpartiet at dei ikkje vedkjenner seg nokon av dei store ideologiane frå det 20. århundre, men tek utgangspunkt i eit eige verdigrunnlag. Sjå artikkelen om Senterpartiet i Nynorsk Wikipedia for å sjå korleis vi har løyst problemstillinga der.Kurtber 7 maj 2006 kl.14.37 (CEST)